søndag 30. oktober 2016

Albert Bandura


Albert Bandura
Albert Bandura er ein amerikansk psykolog som er kjent for sin sosialkognitive teori om forventning om mestring (selfefficacy). Han vaks opp under enkle kår i Canada. Faren var frå Polen og mora var frå Ukraina. På skulen som Albert Bandura gjekk på var elvane stort sett lovelatt til å klare seg sjølv. Foreldra hadde lite formell utdanning men oppmuntra likevel sonen til å ta universitetsutdanning (Manger & Lillejord & Nordahl & Helland 2013, s.242).

Forventning om mestring
Først og fremst seier Bandura at ein må forstå åtferda til eleven ved å forstå forholda i eleven og i miljøet til eleven. Faktorane i barnet er kunnskap, ferdigheter, biologen og forventning om mestring etc.  Miljøet kan vere foreldra, tilbakemeldingane frå læraren etc. Det er for eksempel viktig at foreldra støtter skulegangen og at medelevar liker skulen heller enn å misslike den (Manger et al. 2013, s.242-243). Personen, miljøet og åtferda heng tett saman og påverkar kvarandre (Manger et al. 2013, s.245).
Når ein elev blir stilt overfor ein bestemt oppgåve vil han ha ein personlig oppfatning av sin eigen personlige kompetanse og effektivitet. Personer som har sterk oppleving av at dei kan mestre, ser ut til å rette oppmersomheita mot oppgåvas krav og minimaliserer mulige vanskar. For å løyse ei oppgåve trengs det evner, kunnskap og ferdigheter men ein må også kunne omsette dette til effektive handlingar, spesielt når ein står overfor særlig vanskelige oppgåver. Det er då ein kan sjå forskjell på kven som har ei høg forventning om mestring og kven som ikkje har det.
Forventninga om mestring er kontekstavhengig. Sjølv om ein har god forventing om mestring for å skrive ein stil i norsk treng ein ikkje har forventning om å kare norskprøva veka etter. Å forvente at ein mestrer ei oppgåve måler ikkje kor god ein er i eit fag men kor godt ein kan klare akkurat den oppgåva som ein står over for akkurat då (Manger et al. 2013, s.246-247).
Bandura nemner fire forskjellige kjelder til forventning om mestring hjå personar; autentiske mestringsopplevingar, vikarierande erfaringar, sosial overtaling og fysiologiske og emosjonelle relasjonar.

Autentiske mestringsopplevingar:
Av alle kjeldene til mestring er det denne som er den viktigaste. Det er først og fremst reelle, eller autentiske mestingsopplevingar som skaper ei forventning om mestring. Ønsker ein å lære nokon å spele gitar, er noko av det viktigaste å gi dei reelle mestringsopplevingar nettopp med det å spele gitar (Manger et al. 2013, s.251). Gjennom familien, skulen og fritida kan ein bygge opp forventingar om mestring som i sin tur kan gi ein positiv sjølvoppfatning. Den positive sjølvoppfatninga kjem ved at ein har hatt mange gode reelle erfaringar der ein har løyst oppgåver innanfor eit visst felt,  som for eksempel innanfor eit skulefag eller ein idrett. Det er likevel ikkje slik at ein bygger ein god forventing om mestring viss ein berre har oppgåver som ein alltid mestrer. Då vil ein lett kunne gi opp når ein vert stilt overfor ein vanskeleg oppgåve. Oppgåvene ein mestrer må gi såpass mykje motstand at ein får øvd seg i å anstrenge seg for å nå eit mål. Då vert ein uthalden og betre rusta til å snu nederlag til seier ved å ta kontroll over situasjonen og eigne handlingar (Manger et al. 2013, s.252).  

Vikarierande erfaring:
Vikarierande er erfaring får ein ved å observere andre utføre ei handling som ein ikkje har utført sjølv før. Ved å observere kan ein få ein forventing om at « viss ho klarer det så kan eg også klare det». Ei slik læring kan ein gjerne kalle modellæring eller imitasjonslæring (Manger et al. 2013, s.252). Bandura meiner at menneska lærer i stor grad gjennom modelløring (Albert Bandura Store Norske Leksikon). I skulen kan elvear utan erfaring i stor grad få vikarierande erfaring frå andre elevar som allereie har tileigna seg ein viss kunnskap (Manger et al. 2013, s.253). Bandura skil mellom rollemodellar som er utsikre før dei gjer ei handling og rollemodellar som utfører ei handling korrekt med ein gong, utan å vere usikker. Ein rollemodell som er usikker før han starter og gradvis ser at han kan komme til å klare det og så klarer det, er ein ideell rollemodell for elever som ikkje har så lett for å lære raskt. Rollemodellen som gjer handlinga korrekt og trygt vil vere ein ideell rollemodell for elever som har lett for å lære (Manger et al. 2013, s.254).

Sosial overtaling:
Ein kan verbalt prøve å overtale ein person til å tru at ein kan klare noko eller at ein ikkje kan klare noko. For elever er det viktig kva nøkkelpersonar som foreldre, venner og læraren seier. Når ein skal overtale ein elev til å tru at ein kan mestre ei oppgåve er det viktig at ein har sett seg inn i kva eleven kan klare. Då vil den sosiale overtalinga bli mest truverdig. Å skape ei urealistisk tru på at baret kan mestre ei oppgåve som det ikkje klarer å mestre, vil bare gi barnet nederlag som igjen vil undergrave trua på at dei kan mestre slike oppgåver. (Manger et al. 2013, s.255). Det er ikkje bra for ein elev å fleire gonger bli sett overfor ei oppgåve som ein ikkje kan klare (Manger et al. 2013, s.256).  

Fysiologiske og emosjonelle relasjonar:
Korppen vår gir oss signal som skjelving, sveitting, muskelspenningar eller ein kan vere avslappa. Desse signala påverkar måten me løyser oppgåver på. Har ein låg forventning om mesting aukar spenningsnivået og det auka spenningsnivået reduserer forventinga om mestring ytterligare. Er forventinga om mestring høg vil kroppen bli rolegare og ein vil få styrka oppfatninga av at ein kjem til å mestre den aktuelle oppgåva (Manger et al. 2013, s.256).


Ein viktig forutsetning for at elevane skal utvikle ein høg forvetning om mestring er at også læraren har ei høg forventning om mestring. Lærarar med høg forventning om mestring jobber hardare og er meir uthaldande i møte med elevar som er vanskelege å undervise (Manger et al. 2013, s.260-261). På same måte som eit fotballag må ha ei kollektiv forventning om mestring for å lykkes, må heile skulen og leiinga som ein større sosial enhet eller system, ha ein kollektiv forventning om mestring (Manger et al. 2013, s.261-262). 

Kjelder:
Manger, T., & Lillejord, S., & Nordahl, T., & Helland, T. (2013). Livet i skolen 1 Grunnbok i pedagogikk og elevkunnskap: Undervisning og læring (2utg.). Bergen: Fagbokforlaget